lørdag, januar 01, 2011

Vermelding 1.januar 2011


Godt nytt år til alle!
Klokka er ca 14.30. Temperaturen er + 3 grader C og trea i hagen står "nakne" for første gong på svært lenge. Då snøen kom 20.oktober hadde dei enno ikkje felt lauvet. Eg må innrømme at eg synest det er deilig med mildare ver, på same tid som eg saknar "julekort"-landskapet ute.Det har både snøa, sludda og regna, men no ser eg nesten tilløp til sol ute. Nils har moka og moka, og no har han vore ut og sett til huset han passar, og trulig moka litt der også. HAN slepp å legge på seg i jula. Sjølv somna eg ikkje før det leid mot morgon-men så sov eg til langt på dag, så eg er litt desorientert i verda i dag. Har ingen planar, men etter kvart må eg vel tenke på å finne noko til middag? Den ferdig krydra svineribba vi hadde i går var grei nok, men eg synest at den vi saltar og krydrar sjølve er betre. Byggrynskremen var eg heller ikkje fornøgd med. Skulle ha bløytt gryna meir enn natta over, og kokt dei mindre.
Trur eg tek ris neste gong. I dag skal vi drikke kaffi hos nokre naboar klokka 18.
Nyttårsbarnet på Eid fyller 16 år i dag, om eg ikkje tek feil, og vi gratulerer så mykje!
                               
                      Lutefisk eller lutafisk?
I dag skulle eg koke lutafisk til middag, og sant å seie er det mange år sidan sist, sidan det stort sett berre er eg som er særlig begeistra for denne dissande delikatessen. Hadde ei svak erindring om at sist eg prøvde meg, vart resultatet mykje vatn og lite fisk, og eg var ikkje dummare enn at eg forstod kva eg hadde gjort gale. Derfor konsulterte eg i dag mi mest brukte kokebok Kvasir (ev. Google) og sjekka opp koketid m.m.Resultatet vart perfekt, og fisken var så god at eg fekk hjlp med å ete opp alt.

3 kommentarer:

solveig sa...

Eg kokte grauten på 1 i fleire timar i forgårs. Elles hadde eg i nokre mandeldropar. Det er vel kunstig smak, men det er friskt!

Godt nytt år!

Hildegard sa...

Roleg dag her i det nye tiåret. Kristine på overnatting, flott nyttårskonsert frå Wien og koseleg bursdagsbesøk hos Magnus.

Besta sa...

Eg koka grauten så lenge at den blei seig, men desserten vart no oppeten. Nyttårskonserten gikk eg glipp av i år sidan eg sov så lenge.Dessverre.

DAGBOK 2024: 16 MAI

Idag har maskina mi fått ein ny ide; når eg vil ha små bokstavar; så skriv no store ; og nåreg vil ha store så skriv ho små: Derfor må eg si...