tirsdag, desember 21, 2010

Vermelding 21.desember 2010

Klokka  er no vel halv tre. Det er overskya og opplett ute, men eg trur det kjem ei snøbyge snart. Det har kome 20-30 cm meir snø sidan i går, men det er veldig fint ute.Temperaturen er minus 5 grader. Vi har vore ein tur til Vik f.m. og handla hovudsaklig mat. Nils har moka litt snø i dag også, og når det er så moderate mengder, likar han å mosjonere litt. Sjølv tek eg det veldig med ro, for å prøve å få skuldra til å slutte å verke, hittil har det gått relativt bra.Middagen i dag blir kjøpepizza, så skal vi lage skikkelig mat i morgon, for då kjem "jentene" innom til julegåvebyting.
Eine islykta som Nils har laga.
(Men eg forstår ikkje heilt kvifor han plasserte den oppå kattematskåla. Kanskje fordi alt som står på trappa har frose fast? Også den.)

1 kommentar:

arieldog sa...

Fin islykt! Snøen er ikkje tung å moke no, og den er rein og fin enno, så eg skjønar det er freistande å moke.

Dagbok 2024: 21.November

                                                                Starevegen i vinterdrakt Klokka er no 17.32, temperaturen ute på trappa er m...