søndag, november 14, 2010

Vermelding 14. november 2010

 
Klokka er 14.15 og vi skal til å ete middag. I dag blir det restar etter i går på oss to. Ute er det overskya, litt regn ,skodde og grått. Men jammen held sola på å kjempe seg gjennom skylaget. Temperaturen er + 3 grader.Legg merke til det brune lauvet på plommetrea, det har enno ikkje falle av.
Vi kan vere glade vi feira fødselsdagen til Nils i går, for han er ikkje så bra i dag. Ei skikkelig ekkel forkjøling. Eg er også forkjøla, men er på veg til å bli frisk att. Eg blir aldri så elendig som han. Bank i bordet.Elles så har eg baka brød i dag, vi var nemlig lens, og strikka litt mens eg såg Anna Karenina på data-  må vere klar til 3.episode i kveld. Skulle egentlig ha vore på kino i kveld og sett Cornelis, men det er ikkje å tenkje på.
Her i huset er det både fødselsdag og farsdag, det er slikt som skjer relativt ofte. Men eg vil nytte høvet å gratulere alle fedrar med farsdagen!
Posted by Picasa

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Trasig at de er forkjøla, men når ein først har fått sykja, må ein berre prøve å gjere det beste ut av det. Viktig med kvile/nok søvn.
Her har vi feira farsdag i dag med hjortegryte for Stein m/fam. S+M skulle på Vamp i operaen etter på. Seinare kom jentene A+H m/fl. etter at Hans og Kristoffer var reist kvar til sitt. Eplekake og is. Ole jobbar på Ungdomsskulen tidleg i veka. Vanskeleg å samle ALLE etter kvart som dei blir vaksne.
God betring!

Besta sa...

Nei, å samle alle er vanskelig no. Men vi var 11 til bords i går, og det er no bra.Nils er skikkelig elendig i dag, men har ikkje feber. Han er sår for brystet. Eg er berre tett i nasen og hostar litt.

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...