Nils har jobba i hagen, no er han nede og handlar. Eg har vaska litt og gjort klart til middagen vi skal ha når Einar kjem i 15- tida, så no skal eg snart ut og nyte sola og fineveret før det blir for seint.
Plommene er så vidt begynt å bli modne, så eg får håpe ikkje regnet kjem og øydelegg heile avlinga slik som i fjor.
Klatrerosa vår heiter New Dawn og vi har hatt den i mange år. I fjor haust klipte vi den heilt ned, men som de ser kjem den att. Den plar blomstre heile sommaren og blada er også fine og blanke.
Bilda blir ikkje fine i så sterk sol.
Opalplommer.
5 kommentarer:
Studenten fekk mat som ikkje hadde vore på bloggen?
Ååååååååååååååååååå-det tenkte eg ikkje på. Men han har no kommentert den sjølv på FB.
Han er ikkje min venn...
Men han er min!
Har no fått vite at han, ikkje overraskande, fekk yndlingsretten sin!
Legg inn en kommentar