Såg i Møre- Nytt at det skal vere eit program om rasulykka på Riise på TV 2 i kveld. Hugsar godt den dagen vinteren 1968. Vi budde på Melle den tida, og det var uhyre mykje snø det året. Eg var gravid med Margrete, og hadde mi fulle hyre med å grave fram Solveig og Rasmus når dei sette seg fast i snøen.
Eg kan enno hugse katastrofestemninga som kvilte over heile bygda den dagen raset gjekk.Nils kom heim frå arbeid,trur lyset var borte, og eg skulle nytte høvet å gå til Vik utan ungar.Men eg gikk berre og såg opp etter fjellsidene, og kunne ikkje komme fort nok heim att til familien.
Tre år seinare,vi hadde nettopp kjøpt vår første bil, ein raud Ford Escort, var vi ein tur til Riise og såg koleis det såg ut der raset hadde øydelagt det meste.Det var eit grufullt syn,enda etter så lang tid.
Husa på garden til lensmann Riise gikk også med i raset, så han flytta til Ørsta sentrum.Nokre år seinare, då vi hadde bygt huset på Vallabøen, vart vi nærmaste naboar. Ragna Riise fortalde meg ein gong korleis det var å ligge under snøen i "timesvis", berre i nattkjole. Eg gløymer det aldri. Yngste sonen deira omkom i raset, han var på alder med Solveig vår.
Solveig og Margrete på Riise vinteren 1971. Ikkje mykje snø det året.
Bilda er nokre gamle dias og ikkje av beste kvalitet.
Det er bygt nye hus på Riise, men ikkje på samme staden som dei gamle stod.
Det er laga ny veg forbi Riisegardane, den går borte ved elva.
2 kommentarer:
Det eg hugsar best frå den turen, var ein trøbil som eg tenkte var guten som døde sin.
Programmet var godt, og det er eit viktig arbeid å få folk til å fortelje.
Ville gitt god karakter til filmskaparen!
Las bloggen for seint, så vi gjekk glipp av dette programmet, skal følge opp om de kjem i reprise.
Legg inn en kommentar