lørdag, september 11, 2010

Vermelding 11.september 2010

No er klokka 15.00 og temperaturen er + 15 grader C. Ute regnar det, men skikkelig ufyselig er det ikke. Ikkje enno i alle fall.

                                 Gammalt og nytt.
I dag har vi vore på shopping. dvs. at vi har kjøpt litt anna enn mat.
Først var vi inn på Gjenbruk, ein butikk som ligg i svingen ovafor kyrkja. Det er misjonen som driv butikken, og der kan ein finne nesten alt mulig:lampar, tallerkar, klede, messing,bøker, filmar ......you name it.
Folk kan levere inn ting dei ikkje treng, men får ikkje betalt. Dei sel varene ut til rimelige prisar og alt går til misjonen, så ein gjer i grunnen ei god gjerning når ein handlar der ! Vi brukar å gå innom av og til, og så kjøper eg litt dill-dall for skams skuld. Eg kjøper ofte noko i glas, så også i dag. Har ei spesiell forkjærligheit for farga glas. Det er ikkje verdifullt på nokon måte. Var også på utkik etter sjarmerande te-boksar til minstejenta, så no får vi sjå om ho likar desse.

Sist eg var i lag med veninnene mine, skrytte ei av dei av ein støvsugar ho hadde kjøpt. Ho har også visse problem med bøy og tøy slik som eg. Det var ein slik ministøvsuger med langt skaft, men litt meir avansert enn dei eg har hatt . Denne er sjølvsagt også oppladbar, men kraftigare enn den vesle eg har frå før, og så er der LYS på den. No kan eg halde smular etc. vekke utan å ta fram storesugaren, og utan å bøye ryggen.
Så til sist vil eg vise fram eit par ting frå "Epla-butikken" til Strikkemor(o). Dette er ting eg har fått i presang. "Veska" er eigentlig ei brødkorg, men kan brukast til det ein sjølv finn ut. Og klutane er fine og passar i fargane til kjøkkenet vårt.
Alt er sjølvsagt handarbeid.

8 kommentarer:

Olaug sa...

Boksane trudde eg du hadde kjøpt på den nye interiørbutikken! Fine glas også. Eg hadde ein slik støvsugat før eg gjekk over til mopp. No har eg berre ein liten oppladdbar som vert lite brukt.

Besta sa...

Viss du ser godt etter ser du at dette også er "ein liten oppladbar", som kan takast av. Men denne er kraftigare enn den vesle eg har på kjøkkenet. Det som er spesielt hendig er at den står klar og kan brukast utan ledning.
Du må ha deg ein tur inn på den butikken ein gon, synd at det hopast opp for mykje skrammel som folk ikkje vil ha.

Besta sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
solveig sa...

Min støvsugar hadde og ein liten avtagbar, så det var to i ein, men din modell er vel ca 15 år nyare.

Elles fine strikkaklutar. Mine skal vere pynt ei stund.

STRIKKEMOR(O) sa...

Kjekt at klutane passar til kjøkkenet! Vi har også ein slik støvsugar. Etter at eg var på besøk hos Solveig, har eg begynt å samle på farga glas eg og. Til no har eg kjøpt fire store og fire små iittala glas i ein gråsvart farge. Må kanskje ha ein litt meir sommareleg farge også etterkvart, kanskje lys turkisblå....

arieldog sa...

Fine boksar :)

Besta sa...

Iittalaglas har eg 8 stk av-dei er grå, for å stå til dei sotfarga Hadelandsglasa som eg nesten aldri brukar fordi eg er redd for å knuse dei. På bruktbutikken finn ein ikkje noko eksklusivt, men t.d. små farga skåler slik som i dag, og 3-4 like glas. Just for fun. Boksane var kjpt med tanke på Margrete som mangløa te-boksar. Kan like godt kjøpe gammalt, som ein kjøper nytt som skal sjå gammalt ut.

Besta sa...

Ser feila litt for seint...

Dagbok 20 24:25.desember.1.juledag

  Klokka er no 20.00, temperaturen er + 10 grader og det regnar. nedst på skjermen min står det:Regn advarsel, så då står vi vel i fare for ...