fredag, september 10, 2010
Vermelding 10.september 2010
Klokka er 13.00, temperaturen er+ 18 grader C og det er lettare overskya. Det er inga krise når det gjeld veret.
Eg har støvsuga og vaska litt i dag også, så no er her nokonlunde reint til helga.
Nils skal lage middag i dag, det blir kokt,salta brosme med poteter og gulrot. Det enkle er ofte det beste.
No er det slutt på Ramadan.I dag feirer muslimane Id, og vi ønsker våre muslimske venner: God Id!
Elles er eg glad for at dei slo i frå seg Koran-brenninga i USA, eg lurer på om dei som ville brenne den har lese kva der står? Tenkjer litt ekstra på det som skjedde 11.09.01 sidan eit av barnebarna står på farten til å reise til Texas.
Ein av nevøane våre, Leon, har fødselsdag i dag, og vi gratulerer.
Og så ønsker eg alle blogglesarane mine GOD HELG !
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:¤.juni
Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein. Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
2 kommentarer:
Du tenker lenger enn eg! Men eg vakna til den tåpelege saka. Korleis kjem dei på det?
Ku Klux Klan rider igjen.
Har ein religionsfridom i eit land, så gjeld det alle religionar.Så enkelt er det.Og eg trur ikkje muslimane blir kriminelle av å lese Koranen,saka er vel helst den at mange ikkje kan lese, og blir indoktrinerte av heilt andre krefter.
Legg inn en kommentar