onsdag, september 15, 2010

Bok nr.46 2010:Salme ved reisens slutt.

 
Då vi var små brukte bror min og eg å blade i nokre blad som pappa hadde,Teknikkens vidundere heitte dei, og låg lagra i det "hemmelige" buret i skrivebordet. Særlig såg vi på bilda av store dampskip og talde skorsteinane for å finne ut kva for eitt som var størst.Det mest berømte av dei store skipa var sjølvsagt Titanic, skipet som forliste etter å ha støytt på eit isfjell på den aller første turen. Vi var ikkje gamle første gongen vi høyrde om dette forliset, og etter kvart fekk vi høyre mange fortellingar om det som skjedde om bord.Slik er det alltid når store tragediar skjer,myter oppstår og lever vidare  på sida av dei reelle fakta. Ei slik myte er fortellinga om orkesteret om bord som spela Nærmede deg min Gud i det skipet gikk ned.
Erik Fosnes Hansen har gripe tak i denne hendinga, og soga om Titanic-forliset dannar rammefortellinga i boka.Denne fortellinga inneheld reelle fakta om skipet og det som skjedde på jomfruturen som starta frå Southhampton i 1912. Inne i denne ramma plasserer han eit orkester av fiktive personar og fortel livshistoriene deira. Og det blir berre SÅ bra.Ikkje rart at han brukte lang tid på å skrive boka.For ikkje berre fortel han eine historia etter den andre,men han maktar å gjere historiene veldig ulike, ikkje berre i innhald, men også i form.Og han plasserer personane i ulike land og miljø som han også har sett seg godt inni.Alt i alt blir det ei fantastisk bok, som fekk meg til å tenkje på Åndenes hus, av ein eller annan grunn.Boka vart mykje omtala då ho kom ut og forfattaren fekk stor ære av verket sitt. Når eg ikkje har lese den før, kjem det berre av at den ikkkje har vore på lydbok før no.Forfattaren les sjølv, og han les godt. Boka er skriven på riksmål, noko som til og med eg synest er på sin plass sidan vi er tilbake i 1912.Kan ikkje skrive så mykje meir om denne boka, for meg var den ei oppleving av dei sjeldne, og har du ikkje lese den før, så les den no.Har du lese den, så les den ein gong til. Gjerne som lydbok.
 Posted by Picasa

2 kommentarer:

Elin sa...

Tusen takk for tipset, kjenner på meg at eg vil like den boka, ganske utruleg at eg ikkje har lese henne, for eg trur ho står i hylla... Men eg skal høyre på bibl om dei har lydboka. Det blir nok berre ei lydbok på meg med Min kamp.

Besta sa...

Salme.....går ikkje an å mislike for nokon. Trur eg.
Boka får nok nytt liv no når ho er komen som lydbok.
Knausgård er det derimot mange meiningar om, men Margrete og eg ELSKAR han. Eg står på venteliste til nr.3. Skal eg vere ærlig, og det er eg, så er eg ikkje sikker på om eg hadde orka å lese bøkene på papir.

Dagbok 2024: 2.mai

Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...