mandag, august 09, 2010

Vermelding for sundag 8.august 2010

Litt seint å komme med vermelding etter midnatt, men for ein gongs skuld......
Rett før midnatt var temperaturen ca 15 grader C, det var skodde i fjella, men opplett. Sist natt regna det kraftig, men så skein det opp på føremiddagen ei stund.
No hadde ikkje veret så mykje å seie denne dagen, for vi var på Hareid det meste av tida, og der kunne vi vere ute eller inne alt ettersom. Av dei 11 barnebarna våre var ti til stades, mens eldstemann var i Førde på jobb. Solveig og Øystein diska opp med god gammaldags svinesteik og kjøttkaker med diverse tibehør og heimelaga karamellpudding til dessert.
Seinare fekk vi kaker og rundstykke m.m. Om kaninar og andre dyr kan de lese på Solveig sin blogg.

2 kommentarer:

solveig sa...

Takk for i går!
Eg tok så lite bilde, satsa på Margrete som er utan nett ...

Hildegard sa...

Kjekt å samle barn og barnebarn. Ein fin flokk.

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...