lørdag, august 07, 2010
Bok nr.42 2010: Taushetens konsekvenser.
Linda Olsson er kjent av mange for boka La meg synge deg stille sanger
som eg veit mange har lese og likt.
No les eg nesten berre lydbøker, og då har opplesaren mykje å seie for det inntrykket ein sit att med. Det er to som les denne boka, ein mann og ei kvinne. (Rollane til Cecilia og Adam.) Han les dei 5 første CD-ane og ho dei to siste. Han les ikkje dårlig, men det går litt for treigt, til og med for meg som likar rolige bøker. Når det heller ikkje skjer så mykje, blir det litt for kjedelig.
Visst likar eg å lese om tankar og følelsar, men her blei det nok for meg. Og sentimentalitet er det verste eg veit-her var litt for mykje!
Men boka handlar som alle andre bøker til sjuande og sist om livet og døden, kjærleiken og havet- ja, og mykje anna.(Les på omslaget og på nettet om de vil vite meir). Men mest av alt handlar den om om teie om viktige ting i livet, slikt som skulle vore sagt. Tittelen høver fint til innhaldet. Boka tek seg veldig opp på slutten, når Cecilia slepp til, og alt i alt er det ei fin bok.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024:22.desember
Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er grader C og det regnar litt småt...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar