lørdag, august 21, 2010

I nattens mulm og mørke....

Eg synest ikkje ein skal vere FOR private her på bloggen, men må likevel få lov å fortelje ei sengehistorie frå sist natt.Og for dei som ikkje er heilt orientert, må er fortelje at Nils, mannen i huset, er veldig glad i å plystre, han plystrar stort sett heile dagen, men plar halde opp om natta.
I går kveld då eg la meg, kopla eg lydboka til eine øyret, som vanlig, det er god sovemedisin. Og somna gjorde eg ganske kvikt, men vakna etter ei lita stund av ein skingrande plystrelyd. "No er mannen blitt galen", var det første eg tenkte då tonane til  "Hei hå! Hei hå! " frå Snehvit tona gjennom rommet. Vurderte å vekke han, men tenkte han kunne få plystre ferdig, då eit lite lys gikk opp for meg. Det var frå lydboka tonane kom, og mannen som plystra var den galne, kattedrepande Johnny Walker i Kafka på stranden.Hadde litt problem med å somne igjen.

3 kommentarer:

solveig sa...

Musikk og gauling er ikkje noko særleg heller ...

Besta sa...

Du meiner på lydbok...går eg ut frå. Eg har lese denne boka før, men hugsa ikkje plystringa. Det kjem eg til å gjere no.

arieldog sa...

Eg hugsar heller ikkje plystringa, men lo godt av historia!

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...