fredag, august 06, 2010

Vermelding 6.august 2010


Klokka slo nettopp fem slag. Det er + 18 grader ute og det kjem voldsomme regnbyger innimellom.
Nils har kjøpt nytt ekkolodd i dag, like billig som å reparere det gamle. Merket heiter Humminbird, så det er kanskje ikkje så dumt å kalle det "Pip-pipen" ?
Eg skulle vere i Volda klokka 9.30 i dag, så dagen fekk ein litt meir flying start enn vanlig. Eg fekk sprøytene mine, og fekk ingen reaksjon på dei, så vi fekk handla på heimvegen. For det meste mat.
Då vi kom heim, støvsuga eg heile huset, mens Nils klipte seg og kjøpte ekkolodd. Etterpå laga vi ei kraftig fiskesuppe som gjorde at vi vart ute av funksjon nokre timar, men no er vi i farta igjen. Fekk melding frå Rasmus, då var han på Beitostølen, planen var at han skal overnatte på hytte og komme hit i morgon.
Naboen vår, Ingunn, fyller 70 år i dag, men er bortreist på dagen. Vi gratulerer.
Elles kan det nemnast at det i dag er 65 år sidan USA sleppte dei første atombomba i verda over  Hiroshima og utraderte byen.
Posted by Picasa

3 kommentarer:

solveig sa...

Her vart det brennsnut og pannekaker i dag. I går då vi kom heim, hadde Audun laga ein pastarett frå Sopranos.

Besta sa...

Den måtte vere røff-den retten altså. Be han dele oppskrifta med oss andre-eller ligg den på nettet?

solveig sa...

Han hadde funne den på nettet, så du får spørje han sjølv!

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...