torsdag, august 05, 2010

Vermelding 5.august 2010

Klokka er snart halv eitt. Ute er det nesten klårt og sol.Temperaturen er +21 grader. Det er altså ikkje så veldig varmt, men fint å vere ute.Har stått ute og prata med naboar mykje av føremiddagen, og elles har eg pusla litt i huset, som vanlig. Nils klipper gras igjen, han tok ikkje ovafor huset i går, men det er no fort gjort.
Vi har ingen spesielle planar for dagen, men vil no prøve å vere mest mulig ute i sola.
Så lenge ho er her.
Solveig og Øystein er på veg heim i dag. Rasmus+fam kjem hit på laurdag.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Så fint de har det i hagen. Biri på oss i dag - heime igjen seinast måndag kveld, trur eg...

Besta sa...

Då må de ha god tur. Vi overnatta på veikroa på Biri då vi for sørover.

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...