Klokka er 19.50 og det har enno ikkje klårna opp, det er både skodde og regn- temperaturen er +14 grader C. Men i morgon blir det vel litt sol?
I dag har vi styrt litt her heime, vore ein tur på biblio og på butikk, og så kom Margrete på besøk etter middag. Då hadde vi jordbær med sukker og fløte attåt kaffien. Første gong i år at vi har ete jordbær her heime, og bæra var kjøpt på butikk. Vi har "i alle år" hatt jordbær frå eigen hage, men i år har det berre blitt eit bær i ny og ne sidan åkeren er nyplanta. Bæra var forresten veldig gode!
Dei høge plantane i beddet er solsikker som har sådd seg sjølv-eller kanskje fuglane har hjelpt til? Elles ser de kanskje at tujaen er blitt rimelig brun i løpet av sommaren. Det går nok mot den visse død for dette treet også.Vi har planta diverse tre på denne staden, dei fleste har visna vekk.Steinane som ligg i singelen har vi tenkt å bruke til å bygge muren høgare, men det er vanskelig å finne nok høvelige steinar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar