tirsdag, mai 18, 2010

Vermelding 18.mai 2010

Klokka er14.40. Temperaturen er + 16 grader C og det er lettskya og litt sol. Tenk hadde det vore så fint i går!
I dag hadde eg legetime klokka 9.30, men som vanlig vart det forseinkingar. Eg skulle berre måle blodtrykket og få attest på at eg framleis kan køyre bil(synsprøve). Begge deler var heilt i orden. Etterpå var vi på Amfi der vi fekk melding på mobilen om at Bodil og Svein var på flyplassen og dei ville komme oppom til oss ein tur viss det passa. Dermed fekk vi hyggelig besøk på ein ganske alminnelig tysdag. No har dei reist igjen.Og vi skal nedover til Vik og sjå om vi finn nokre utekrukker.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Ja, det var ei koseleg stund i Starevegen med spekemat og potetsalat - takk til husbonden for ny forsyning med frossen fisk.

Dargbok 2025: 13.desember

Klokka er no 21.44,temperaturen ute er + 6 graderC, det er overskyaog dei melder regn. Inga kvit jul i sikte altså, men eg er veldig fornøgd...