Klokka er 12.30, temperaturen + 16 grader. Det er lettskya, sol og litt vind.
Nils var komen på sjøen lenge før eg hadde tenkt å vakne. Han kom heim med bra og variert fangst: sei, lange,lyr og uer.
Eg har støvsuga, og stort meir blir det visst ikkje med meg i dag. Skal nedover ein snartur og handle litt mat til helga. Vi kjem til å feire 17.mai på Straumshamn og i Nautvika i år.Vi skal feire Amanda sin fødselsdag litt på førehand også mens vi først er i gang. På sjølve dagen hennar (og dagen etter) er det ballettshow og MGP.
2 kommentarer:
Hei Olaug!
Godt å sjå at våren er komen til Ørsta. Vi feirer 17. mai i Sola. No er vi i Arendal. På Kreta var det vanskeleg med internett. Men no skal eg snart legge inn meir på bloggen.
Visste ikkje at de hadde vore på Kreta ein gong.Ja, her er vår, og i går var det ganske varmt, men i dag var det litt kald vind. Godt å ikkje ha plikter 17. mai. Vi skal til Straumshamn på dagen.Kjekt med 17.maifest på små stader.
Legg inn en kommentar