torsdag, mai 13, 2010

Vermelding 13.mai 2010


Klokka er 12.40,temperaturen nærmar seg + 16 grader C og no må våren vere komen for godt? Det er lettskya med gløtt av sol.

Eg har halde til på kjøkkenet heile føremiddagen, der eg har både baka og koka, med større og mindre hell, trur eg.
Ville lage ei kake som eg aldri hadde laga før, og som den moderne husmora eg er, går eg ikkje til kokebøker ,men til Nettet. Ikkje berre får eg oppskrift, men der er også video der ei dame fortel meg kva eg skal gjere frå a til å. Då er det berre å plassere laptopen på kjøkkenbenken og sette i gang. Så får vi håpe resultatet svarer til forventningane.

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg likar godt å sjå korleis andre bakar, men har ikkje berbar Pc ..
(eg har på jobb, men gidd ikkje bere han)

Elin sa...

Dette er mildt sagt imponerande. Og morosamt!

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...