Klokka er 12.25. Temperaturen er + 5 grader C og det regnar. Altså smeltar snøen-i alle fall litt. I dag gikk vi ned under altanen for å ta verbilde, slik at de skal få sjå kor stor snøhaugen er,
den som Nils har moka i hop mellom huset og garasjen. Eg lurer vekelig på kva tid den kjem til å smelte ? Dei har vore flinke å pløye vekk sørpa på vegen, så der er det nesten bert. Og Nils held tunet fint. No driv vi og tel på knappane om vi skal ta ein tur på butikken for å komme oss ut gjennom dørene ein tur. I morgon skal Nils på kommunestyremøte.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 30.oktober
Klokka er no17.30, ute er det skya, men opplett og +7 graderC. Det har vore bra ver i dag, så eg kunne sikkert ha vore ute, men eg er ikkj...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
3 kommentarer:
Ja, det er store snøhaugar over alt. Før dumpa dei snøen på sjøen her, men no er jo ikkje det lov lenger. Det merkast!
Den regelen har eg høyrt om, men forstår ikkje problemet. Sig ikkje alt ut i elvane og sjøen til slutt uansett?
I sentrum er snøen ei stor plage!
Nei ALT sig ikkje ut i sjø og elv, noko går i jorda, og noko blir liggande att.Dessutan kjem det litt og litt, så forureininga blir ikkje så stor. Tenk på oss som et så mykje fisk! Vi vil ha rein sjø.
Legg inn en kommentar