onsdag, mars 17, 2010

Vermelding 17.mars 2010.

Klokka er 12.25. Temperaturen er + 5 grader C og det regnar. Altså smeltar snøen-i alle fall litt. I dag gikk vi ned under altanen for å ta verbilde, slik at de skal få sjå kor stor snøhaugen er, den som Nils har moka i hop mellom huset og garasjen. Eg lurer vekelig på kva tid den kjem til å smelte ? Dei har vore flinke å pløye vekk sørpa på vegen, så der er det nesten bert. Og Nils held tunet fint. No driv vi og tel på knappane om vi skal ta ein tur på butikken for å komme oss ut gjennom dørene ein tur. I morgon skal Nils på kommunestyremøte.



3 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Ja, det er store snøhaugar over alt. Før dumpa dei snøen på sjøen her, men no er jo ikkje det lov lenger. Det merkast!

solveig sa...

Den regelen har eg høyrt om, men forstår ikkje problemet. Sig ikkje alt ut i elvane og sjøen til slutt uansett?
I sentrum er snøen ei stor plage!

Besta sa...

Nei ALT sig ikkje ut i sjø og elv, noko går i jorda, og noko blir liggande att.Dessutan kjem det litt og litt, så forureininga blir ikkje så stor. Tenk på oss som et så mykje fisk! Vi vil ha rein sjø.

Dagbok 2021: 29.juli :Olsok

Klokka er no 15.25, temperaturen er + 27 grader og det er lettskya. Det kan visst komme torden og regn etter kvart, men enno er det opplett....