torsdag, januar 07, 2010
Om å halde seg varm.
Det er kaldt ute, og inne merkar vi også kulden, til tross for både varmepumpe og vedfyring. Det gjeld å kle seg godt. Eg meiner sjølv at eg har funne den ultimate løysinga.Eg kler meg i ulltrøye og tights (ikkje ull)-og utanpå der: fleecedress.Då frys eg ikkje.
Eg har for lengst oppdaga at det er ein fordel å ha fleece utanpå andre klede, det har vel med isolasjonsevna å gjere.No skulle eg sjølvsagt ha lagt inn bilde av meg sjølv i desse kleda, men eg trur eg avstår frå det.
Eg vil presisere at dette er HEIME-klede, skal eg ut, går eg meir normalt kledd. Men ulltrøya og tightsen er framleis med.
For folk som klør av ull kan eg opplyse at det finst ulltrøyer som er "fora" med eit anna stoff.Merket er Devold.Eg kjøpte mi på ein sportsbutikk i Volda, der dei hadde eit enormt utval av diverse superundertøy. Tippar dei sel godt no.
Det er framleis minus 15 grader ute no klokka 15. Nils har moka delar av altanen i dag, og som de ser er vi klar for ny grillsesong.
NB: Nede i Vik (sentrum) er det sikkert mange grader kaldare enn her oppe hos oss, det plar vere slik.
Kl.16.30:Vi har vore ein tur på biblioteket.Temperaturmålaren i bilen viste minus 19 grader.Frostrøyken ligg over fjorden.Det er lenge sidan vi hadde slik vinter i Ørsta; det var vanleg før.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 18.mai
Klokka er no 17.56 , ute er det overskya, opplett hittil og berre +16 grader, det var litt av ein overgang, og eg likar det ikkje. Og no er ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
1 kommentar:
Dei har visst ny "julehandel" på ull. Det unner eg dei!
Legg inn en kommentar