torsdag, januar 07, 2010

Om å halde seg varm.



Det er  kaldt ute, og inne merkar vi også kulden, til tross for både varmepumpe og vedfyring. Det gjeld å kle seg godt. Eg meiner sjølv at eg har funne den ultimate løysinga.Eg kler meg i ulltrøye og tights (ikkje ull)-og utanpå der: fleecedress.Då frys eg ikkje.
Eg har for lengst oppdaga at det er ein fordel å ha fleece utanpå andre klede, det har vel med isolasjonsevna å gjere.No skulle eg sjølvsagt ha lagt inn bilde av meg sjølv i desse kleda, men eg trur eg avstår frå det.
Eg vil presisere at dette er HEIME-klede, skal eg ut, går eg meir normalt kledd. Men ulltrøya og tightsen er framleis med.
For folk som klør av ull kan eg opplyse at det finst ulltrøyer som er "fora" med eit anna stoff.Merket  er Devold.Eg kjøpte mi på ein sportsbutikk i Volda, der dei hadde eit enormt utval av diverse superundertøy. Tippar dei sel godt no.
Det er framleis minus 15 grader ute no klokka 15. Nils har moka delar av altanen i dag, og som de ser er vi klar for ny grillsesong.
NB: Nede i Vik (sentrum) er det sikkert mange grader kaldare enn her oppe hos oss, det plar vere slik.
Kl.16.30:Vi har vore ein tur på biblioteket.Temperaturmålaren i bilen viste minus 19 grader.Frostrøyken ligg over fjorden.Det er lenge sidan vi hadde slik vinter i Ørsta; det var vanleg før.

1 kommentar:

solveig sa...

Dei har visst ny "julehandel" på ull. Det unner eg dei!

Dagbok 2024: 21.desember

 Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...