torsdag, desember 03, 2009
Tips til juletrepynt.
Dei åra eg jobba som lærar, laga eg mykje juletrepynt i lag med elevane. Det var kjekt.Men ein gong fann vi lærarane ut at vi ville kome saman ein kveld og lage litt pynt til oss sjølve- og kose oss i lag sjølvsagt. Då laga eg eit par slike "kuler" til å ha på juletreet.Denne i gull og grønt og ei litt mindre i blått og sølv.Viss de ikkje veit korleis ein lagar slike, så skal eg forklare det, det er enkelt.
Blås opp ein ballong til passe storleik og stryk på lim,Surr trådane rundt så dei limer seg fast til ballongen.Bruk gjennomsiktig RX-lim.Når limen er heilt tørr, punkterer ein ballongen og dreg den ut . (Det skal ikkje vere lim overalt.)Sjølv om det er nostalgisk og kjekt med gammal pynt, kan det vere kjekt å lage noko nytt i lag med barn eller barnebarn.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 9.september 2026
Klokka er no17.40, temperaturen ute er +13 grader, det er skya, med litt sol innimellom I dag har eg ikkje gjort mykje, for heile føremidd...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...

3 kommentarer:
Morsomt julepynt. Kristine og eg får prøve dette - ho overnattar i kveld, foreldra på julebord.
Eidabesta
Dette var ein god ide!
Kanskje du kan få brukt opp noko av garnlageret ditt? Kulene blir fine, for limen som er mellom trådane ser ut som glas.
Legg inn en kommentar