torsdag, november 26, 2009

Snart advent.


Eg likar å pynte til advent. Likar lilla, kvitt etc. I går starta eg opp med å pusse kopar og messing, og så la eg på lilla løpar m.m. Vi har tre lilla orkidéar som står i blomst, og så fekk Nils denne flotte asaleaen til fødselsdagen sin.I dag har eg samla regnvatn og gitt den rikelig med "drikke". Eg plar ikkje alltid få så godt til denne typen blomster, vi har det nok for varmt. Gode råd vert mottekne med takk.

1 kommentar:

solveig sa...

Eg ser på dei som bukett på rot, men har brukt å dyppe dei i vasken til det sluttar å boble. Finn Schøll sa på frukost-TV at dei nye typane som er no kan vatnast som vanleg annankvar dag.

Dagbok 20 24: 3.mai

 Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 20 grader. Det har vore ein strålande dag, med sol frå klar himmel. Eg har vore her åleine heile d...