onsdag, oktober 28, 2009

Bok nr.70: Ulykkesfuglen.


No har eg lese enda ei Camilla Læckbergbok utan at eg er blitt meir begeistra for denne forfattaren enn det eg har vore.Når det gjeld krim-sjangeren har ein visse forventningar eller"krav" om de vil.Eit krav som eg har, er at romanen skal vere fokusert på lovbrotet/mysteriet og ikkje rote inn alt mulig anna.Her syndar CL stort. Her er bollebaking,kaffikoking,umulige svigermødrer og you name it, som ikkje har noko med saka å gjere. Ikkje berre får vi heile privatlivet til hovudpersonane,det er greitt nok, men vi får også vite ganske mykje om alle dei andre involverte.Dette irriterer meg.
Oppskrifta er som for dei andre bøkene til forfattaren, ein ekstern forteljar som går frå "hus til hus" og fortel oss kva som skjer i dei ulike heimane.Dette er greitt nok viss det ikkje vart så mykje uvesentlig prat.
Eit anna krav eg har til krim er at alt skal bli oppklart og forklart. Det blir det her, ved hjelp av mykje heimesnikra psykologi.Det får så vere.
Det siste kravet er at løysinga skal vere nokonlunde sannsynlig. Det er vanskelig å vurdere; det skjer mykje utrulig i den verkelige verda også.Så vi får berre kjøpe den.
Bøkene til CL er svært lettlesne og fungerer veldig bra som lydbøker fordi vi får alt inn med teskei, ikkje berre ein, men mange gonger.
Ein krimroman bør vel helst vere litt spennande også; det er ikkje denne.Trur eg hadde det meste av løysinga før politiet.Alt i alt er boka grei nok, men eg skulle hatt lyst og vore der med raudeblyanten og kutta i teksten.Noko som er litt rart er at denne boka sluttar om lag slik som TYSKERUNGEN begynner.Og den boka har eg lese for lenge sidan.....................

3 kommentarer:

solveig sa...

Eg såg ei av desse bøkene i Ulsteinvik, men let den ligge fordi eg meinte å ha sett den på film d.v.s. TV-serie?
Ein skal skrive svært godt viss ein skal skrive om trivielle ting i det heile tatt jfr. den boka eg las i sommar der dobesøk var tatt med!

Besta sa...

Eg synest desse trivialitetane øydelegg bøkene, for plottet er eigentlig ikkje så dårleg i utgangspunktet. Bøkene minner om den tida ein "drog ut" setningane for at stilane skulle bli lange nok.No har eg begynt på Margaret Skjelbred sin"sjølvbiografi". Den er meir fengande enn eg trudde.

Hildegard sa...

Er nett byrja på denne lydboka og merka meg med ein gong at dette vart noko detaljert, veit ikkje om eg orkar å høyre den ferdig før innleveringsfristen. Men som eg har nemnt før, kan vel grunnen vere at ho skriv for TV/film.
Eidabesta

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...