fredag, september 04, 2009

Eid skulehus.




I denne bygningen gikk eg på skule frå eg var sju til eg var 18 år.
I kjellaren var det sløydsal, kjemirom og skulekjøkken. Ikkje undervisningskjøkken, men laging og servering av middag for utanbygds elevar.I første etasje heldt folkeskulen til. Vi greidde oss med tre rom,for vi gjekk berre annan kvar deg. I mi tid gjekk ein anten to år i 5.klasse eller to år i 6., skulen var dermed ikkje heilt fulldelt, og vi greidde oss med tre lærarar.
I 2.etasje var det gymnas, med engelsklinje og reallinje.Sidan skulen var to-årig var det ikkje behov for meir enn fire klasserom.Dei som gjekk på engelsklinja, gikk andre året i 3.etasje. Der heldt også realskulen med sine to klassar til.
Såleis var skuletida mi ei vandring mellom romma i dette huset, berre to rom har eg ikkje hatt som klasserom.
Denne praktfulle bygningen fekk ei sørgelig endelikt då han brann ned til grunnen 14.april 1978.Men då var det lenge sidan eg hadde vore innom døra. Som mange veit er det bygt ny fin vidaregåande skule i samme området, og no har også operebygget kome til.
Det er bygt ny barneskule for mange år sidan, den heiter Nordfjordeid skule, ikkje Eid skule som i "mi tid".

2 kommentarer:

Elin sa...

Her gjekk eg på realskule på begynnelsen av 70-talet. Hugsar rommet vi hadde veldig godt. Elles så er det tysk- og historieundervisninga til ein viss K. Haugland eg minnest best. Han var føre si tid...

Hildegard sa...

Trist å sjå gamleskulen gå opp i røyk. Mykje historie gjekk tapt. Både Besten og eg har gått på skule der. Farfaren min var rektor og lærar på Eids Millomskule(Eids Realskule) frå 1918-1946. Han var også med på å starta opp Eids Gymnas. Så han har nok også gått litt i trappene i dette bygget.
Eidabesta

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...