lørdag, august 22, 2009

Apropos hybelliv.


Kjellarleilegheita i Volda har vore nytta av fleire medlemmer av Storfamilien. Eg vart litt nostalgisk då eg såg innlegget til Margrete, og fann fram dei to bilda eg har frå då ho og Lars budde der.Her feirer vi fødselsdagen til Lars litt på førehand.Året er 1990, og Solveig held baby Audun, som vi berre ser eine foten av.

5 kommentarer:

arieldog sa...

Det er Lars sin bursdag - vi feira den eit par dagar på førehand.

Hildegard sa...

Koselege bilder og gode kaker, ser det ut til. I bursdagane "no for tida" er det vel helst sjokoladekake, gulrotkake, ostekake, kvæfjordkake og sveler/vafler som er favorittane?
Ja matvanane endrar seg, utan tvil.
Eidabesta

Besta sa...

Mens vi eldre sverger til dei gode, gamle kremkakene?Det gjer i alle fall eg!

solveig sa...

Koppane er og tidstypiske! Eg ser babydressen til Audun, så det må ha vore i 1990.

arieldog sa...

Mormor/Amanda døydde på bursdagen til Lars året etter. Dette var einaste gongen ho besøkte oss, og ho var veldig begeistra for leilegheita. Den eine "kremkaka" er forresten ei ostekake (av den steikte typen) som såg så stygg ut at eg pynta den med krem.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...