torsdag, juli 02, 2009

Solveig fyller år.

I morgon fyller Solveig 46 år, men sidan dei står på reisefot, tenkte eg det var best å vere litt tidleg ute med gratulasjonen. Sommaren 1963 då Solveig kom til verda, var det varmt og fint, om lag som no.Den dagen ho vart fødd kom s.Åse inn på fødestua til meg med ei rose og sa:Her kommer jeg med sommerens første rose.Ho hadde plukka den i sjukehushagen. Nils var langt borte, på Island og fiska, så han fekk ikkje sjå jenta før ho var 6 veker gammal.Men det vart sendt radiotelegram til han om det som hadde skjedd.
Frå Innvik kom det besøk etter få dagar, og besta Marie Eline fekk halde det første oldebarnet sitt.Solveig var vårt første barn og mamma sitt første barnebarn, og det einaste oldebarnet Marie fekk oppleve.
Her har vi flytta oss fram til sommaren 1987, då vart Solveig sjølv mor. Einar var det første barnet hennar, vårt første barnebarn og mamma sitt første oldebarn.
Slekt skal følge slekters gang- "skal tru om eg nokongong får komme på oldemorsplassen," tenkjer eg.
Vi vil i alle fall gratulere Solveig hjertelig med dagen. Sjåast i Ørebro?




2 kommentarer:

solveig sa...

Det er både artig og vemodig å sjå att. Du var vel 47 der!
Så spørs det kven som sit på bestemorsplassen først og kven som sit på foreldreplassen.
På det første bildet var det berre "damer", på det andre ein gut, så spørs det neste generasjon....

Hildegard sa...

Gratulasjonar frå oss på Hildegard, og god ferie!
Eidabesta

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...