mandag, juli 27, 2009

Kald, kokt makrell.

No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt.
Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt med rømme og agurksalat.Denne oppskrifta på "sylta makrell" fann eg i boka FJORDAMAT og har brukt den i mange år.

4 ferske sild/ makrell
1/2 liter kokande vatn.
1/2 kopp eddik (5-7% )
1 ss sukker
3/4 ss salt
1 ts heil pepar
2 laurbærblad

Ein kan koke fisken i filetar, men vi skjer den i vanlege stykke.Derfor må eg doble porsjonen av vatn og det andre opp til fleire gonger.Men eg tek ikkje fleire laurbærblad.Vil ikkje at DEN smaken skal dominere.
Dessverre er ein av naboane på ferie.Det er synd, for han har ei lita kasse der han kan lage varmrøykt makrell. Vi brukar å få med han, og det er heilt nydelig. Det også.

4 kommentarer:

Hildegard sa...

Kjekt at de får fisk og fint at ein kan variere varm, kald, sylta makrell. Det blir vel litt på oss også, berre besten kjem seg på sjøen igjen, mykje anna å ta seg til siste veka.
Gratulerer med bryllaupsdagen i dag! Eidabesta

Besta sa...

Takk for helsinga.Mobilen har lagt på ladding i heile e.m., men då eg slo den på, fann eg helsinga dider også. Du er den einaste som hugsa dagen forutan oss sjølve.Eg hadde laga til bilde m.m. som eg skulle ha inn på bloggen då de hadde bryllaupsdag, men kven var det som kom på det ein dag for seint?

arieldog sa...

Gratulerer, litt forseinka, med bryllaupsdagen!

Hildegard sa...

Kom på dagen då eg besøkte mor. Ho spør alltid om dag og dato, sjølv om ho har "dagrivar"kalendar på veggen. Det er vel eit par år til før de kan feire den STORE bryllaupsdagen. Dette var før mi tid i fam., men besten hugsar det godt.
Eidabesta

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...