mandag, mai 25, 2009

Lys i tunnelen.


Så er vi heime att etter mange timars bilkøyring. Tok som vanleg ein liten "omveg" heim att. Køyrde Numedalen få Kongsberg til Geilo. Vidare til Hol og over fjellet til Aurland. Gjennom den lange Lærdalstunnelen til Lærdal.Denne ruta har vi køyrt ein gong før i motsett retning, men det var lite vi hugsa. Eg hugsa tre ting frå denne vegen:Mange tunnelar, mange svingar og mange lyslinjer.Ja, og så Lærdalstunnelen sjølvsagt.Men noko som stadig forundrer oss er at ein opplever ein tur så annleis når ein køyrer motsett veg. Skal fortelje meir frå turen seinare, no vil eg berre forsikre alle om at vi er heime i god "behold". Vi stoppa i Sogndal og fekk oss litt mat, og var heldige å sleppe lange ventetider på ferjekaiane. Men kor mange og lange tunnelar vi har fare gjennom skal vere usagt.
(Bildet er frå Lærdalstunnelen. Med sine 24 510 meter er han verdas lengste vegtunnel. For å gjere det litt spennande for oss som køyrer gjennom denne tunnelen, har dei laga 3 "lysslott"-der tunnelen er opplyste med mange- farga lys.Så har vi noko å sjå fram til!)

3 kommentarer:

solveig sa...

Nye tunnelar er flotte! Men dei over Stryn er rett og slett nifse blitt!

Besta sa...

Har du kjørt dei gamle(og nye) tunnelane frå Aurland og opp på fjellet? Ein av dei var til og med einvegskøyrt med ein ca 80 graders vinkel på svingen midt inni! Strynefjellstunnelane er piece og cake i samanlikning.

Hildegard sa...

Godt at de er vel heime igjen. Ja, det er stor variasjon på tunnellane i indre Sogn, men når ein kjem opp på fjellet er det berre vakkert.
Eidabesta

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...