onsdag, januar 07, 2009

Fråkopla verda.

I går morgon datt Internett ut, og kom ikkje att før vi la oss. Vi følte oss heilt isolert, og eg såg for meg alle mailar og blogginnlegg som eg ikkje fekk opna. Stor spenning då eg sette på i dag, men ingen ting hadde skjedd over natta. Då kontakta eg naboen som også har Telenorabonnement, men der var alt i orden. Han foreslo å kople av og på "boksen" som formidlar breibandkontakt til leigebuaren, og då vart alt i orden! Så no er eg online igjen.Takk og pris!
Telefonen derimot virka. I går ringde dei før vi var oppe, og skulle selje brannvarslarar. Dessverre var det ikkje EG som tok telefonen.Ikkje mykje hjelp i å reservere seg!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Ja internett er avhenighetsskapene. Tenk på oss som var uten forbindelse med verden i 8 mnd da....Men du verden hvor mye annet man får gjort uten internett.
Bra du fikk ordnet det. Når vi bodde i Norge hadde vi telenor, og det var relativt ofte at vi måtte resette "boksen". Fikk heller aldri noen forklaring på hvorfor.

Elin sa...

Bra du er online igjen!

Besta sa...

Eg oppdaga faktisk i går at eg fekk mykje tid til overs...........

solveig sa...

Øystein brukar også å rykke ut ledningar og sette dei inn att i. Vi er også Telenorkundar.
Her går ungdommane omtrent frå skaftet etter ein time utan internett....

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...