lørdag, november 15, 2008

Bursdagsfeiring på Bjørnaset.











Sidan Margrete vart først ute med blogg frå dagen, blir dette berre eit supplement til det ho har skrive.Eg vil takke vertskapet for ein kjekk dag, og seie som det er så populært i desse dagar:Godt jobba! Det vart tre esker med Indian Jones-lego til minstemann, noko han ikkje hadde det aller minste imot.
Bilda er tilfeldig valde, men kva som har skjedd, veit eg ikkje. Bilda vart i alle fall aldeles kornete.

3 kommentarer:

arieldog sa...

Personleg er eg koma i den alderen at eg tek meg best ut på kornete bilete.... Takk for i dag, og takk for alt medbragt!

Besta sa...

Og eg bør vel helst retusjerast, meiner du ?

Hildegard sa...

Koselege bilder, sikkert kjekt for stor-familien noraføre å samlast av og til. De har lengre avstandar å køyre når de skal treffast enn oss søraføre. Utriveleg vér i dag, men det ser ut til at alle er vel heime. Fortsatt god helg.
Eidabesta

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...