tirsdag, oktober 07, 2008

Ny bok.

No har eg lese ferdig dei islandske krim-bøkene og skal begynne på ei ny bok. Har aldri høyrt om verken boka eller forfattaren, så dette kan bli spennande.
Den er heldigvis på berre 7 CD-ar, så den er over kommelig om eg ikkje skulle like den så godt.
Det er mange kjende norske forfatterar som kjem med nye bøker denne hausten, men dei var ikkje komne på biblioteket enno.

PS: Eg hadde ikkje gått glipp av så mykje om eg ikkje hadde lese denne boka.Etter min smak er den altfor romantisk. Med det meiner er at her er alt for mange eventyrlege tilfeldigheiter, for mange hendingar som går godt når det er heilt håplaust...med andre ord heilt"ukeblad".Men historia fenger, særleg på slutten. Men så sit eg heilt til slutt att som eit spørsmålsteikn.Kva skjedde.....eigentleg.


5 kommentarer:

solveig sa...

Denne forfattaren har eg ikkje høyrt om. Staalesen si bok har eg lyst å lese......

solveig sa...

p.s. vonde tunger vil ha det til at filmane har øydelagt Varg Veum!

Besta sa...

Ja, viss det var så mykje å øydelegge................
Henrik Mestad lærte seg tilnærma hardangerdialekt for å spele Olav H. Hauge. Då skulle det vel la seg gjere for ein skodespelar å lære seg bergensdialekt også? HAR EG EI VOND TUNGE?
Det eg likar med Staalesen er skildringane av Bergen og byens historie.

solveig sa...

Den vonde tunga eg sikta til fann eg på bokkilden.no

Olaug sa...

Har du sett nederst på bloggen min?
---
Der kan du sjå korleid du lagar til klokke på bloggen.

Dagbok 2024: 25.november

 Klokka er no20.05, temperaturen ute på trappa er + 8 grader, så no smeltar snøen, men det tek si tid med dei store haugane. Eg har berre så...