I siste Beat for beat høyrde eg ein song som eg vart heilt forliebt i.
Ikkje berre var melodien var fin, men teksten også, særleg første verset.
I dag gjekk eg inn på You tube og fann songen, som viste seg å vere ein irsk folkesong frå 1700 og den tid. Sjølvsagt! hadde eg nesten sagt. At irsk musikk kling godt i norske øyre, er ikkje noko nytt, heller ikkje at eg oppdagar dei fine songane lenge etter alle andre. Men betre seint enn aldri!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 24,november-ein månad til julaftan-
Strikk og musikk Klokka er no 19.19, temperaturen ute er + 6 graderC , så no smeltar både snø og is-heldigvis. I dag har eg ikkje vore ute f...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
6 kommentarer:
Irsk musikk er fantastisk, og Eva Cassidy likeeins. Synd ho takka av før ho blei berømt!
I kveld har eg vore på youtube på Les Miserables, der er masse flott frå ein 10årskonsert, antakeleg i London. Stor kvalitetsforskjel på stemmeprakta, naturleg nok. Dette er ein fantastisk musikal!
Har høyrt gjennom diverse innspelingar av The water....mellom anna ein orgelversjon. Då slo det meg at melodien, og delar av teksten, kunne høve i gravferd.På grunn av symbolikken.
PS: Eg har lese boka Les miserables, men har lite kjennskap til musikalen.Får sjå i morgon om eg tekmeg ei økt på Youtube då.
Nydeleg melodi, enig med deg i at den kunne passe ved ei slik anledning. Fekk assosiasjonar både til "Os-elva" og hytta ved havet.
Både Besten og eg likar irsk musikk, har 3 CDar som vi spelte mykje før, no blir det altfor mykje TV og Data, dessverre.
Eidabesta
Denne melodien er nydeleg! Eg likar også godt irsk musikk. Har ikkje tenkt over at denne er irsk.
Eg har høyrt på den irske melodien. Kjempefin!
Helsing Bjørg
Legg inn en kommentar