onsdag, oktober 01, 2008

Grindagutar.

Då eg gjekk ut av bilen for å late opp-og att grinda ved Kubbe-støylen, fekk eg eit "flash-back" tilbake til barndommen. Då hende det at vi køyrde den uendelig lange vegen frå Eid til Innvik, der besteforeldra mine budde. Det var sjølvsagt kronglete,smale grusvegar over alt og det var ikkje fritt for at vi vart bilsjuke.
På vegen var det også mange grindar som skulle opnast og latast att.Då måtte Svein eller eg ut å gjere den jobben. Viss der ikkje var "grindagutar", då. Det hende at smågutane i lokalmiljøet stilte seg opp ved grindane og venta på at bilane skulle komme. Viss dei opna grinda for oss, var det skikk og bruk å kaste ein 5-øring til dei.Skal tru kor mykje dei kunne tene pr. dag? Det var ikkje akkurat tett mellom bilane i åra rett etter krigen!

1 kommentar:

Hildegard sa...

Ser ut til å ha vore ein fin tur. Godt at det blir laga litt køyrbare skogsvegar. Vi har hatt nokre slike turar vi også, bl.a. til Rota i Almklovdalen, Bødalssætra i Loen, Innvikdalen, Movatnet, Heida og over Brekka m.v. Eidabesta

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.  Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjem...