Denne planten fekk eg av Solveig til fødselsdagen min i mars.No blomstrar han for 3.gong, dobbelt så stor og dobbelt så blomsterrik som då eg fekk han.Har aldri vore så heldig med denne sorten før. Han har kanskje fått gjødsel eit par gonger, elles berre vatn av og til. Han har stått i vinduet på stova heile tida. Synd ein ikkje kan sende "dufter" via bloggen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 26.april
Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
2 kommentarer:
Artig plante, kjekt når ein klarer å få plantane til å trivast. Hadde ein slik for nokre år sidan, men eg var nok ikkje flink nok til å halde liv i han. Orkideen du kom med sist du var her står fin framleis. Eidabesta
Orkidear brukar å stå lenge og ofte kjem dei att etter ein pause. Det er første gong eg har vore så heldig med duftranke. Det har ikkje noko med meg å gjere, han har ikkje fått særbehandling. Somme meiner at varmepumpe virkar positivt på potteplantar. Ikkje veit eg.
Legg inn en kommentar