Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 10.juli
Klokka er no 17.30, temperaturen ute er +17 grader C. Det har for det meste vore opplett i dag, men det kom ei regnbye også. På føremiddage...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
4 kommentarer:
Det biletet gav meg lyst til å få sand mellom tærne, ja! Ingenting er som vatn og sand for ungar. Gjerne kombinert med sol og 20 grader + +. Her nøyer vi oss med kuling, regn og under 15 grader. Ein landsdel for spesielt interesserte...
Det eg misunner austlendingane mest, er grunntemperaturen, og regnbygene. Grunntemperaturen gjer at sjølv om sola går bak ei sky, kan ein framleis gå lettkledd. Regnbygene fordi det regnet kjem i byger ikkje i vekeslang drypping.
Eg trur de skulle hatt ein tur på Austlandet seinhaustes eller midt på vinteren. Det er ikkje alltid sommar der heller!
Eg har ikkje så mykje imot regn. Skodde derimot!
Koselege bilde. Det ser ut til at Rasmus er blitt ein skikkeleg familiefar sånn midt i livet.
Det er nok bra på austlandet, men vi har vel ein tidlegare, grønare og frodigare vår. Hugsar vårturane våre til Ås då døtra bodde der. Is på Mjøsa og svarte korn-åkrar. På heimvegen var det eit vakkert syn å køyre ned Strynefjellet og sjå det grøne landskapet i Oppstryn. Vi er inne i ein regnbolk no, men vi har hatt mange fine dagar denne sommaren.
Eidabesta
Legg inn en kommentar