onsdag, juni 18, 2008

Ny Mankell ?

Eg har lese dei fleste bøkene til Henning Mankell, men av og til finn eg ei som eg trur er "ny" for meg. Denne er eg slett ikkje sikker på, men i alle fall brukar bøkene å vere såpass komplekse at ein godt kan lese dei om att viss ein vil.Ikkje hugsar eg så mykje av dei når det har gått ei stund heller.

7 kommentarer:

solveig sa...

Eg har lese alle Mankell sine bøker om Kurt Wallander. Eg trur eg har alle i pocketutgåve. Dei er nokså likt lagt opp. Eg brukte ikkje mange dagane på kvar bok, men til slutt gjekk eg litt lei.

Besta sa...

Eg har ikkje oversikt over alle Wallanderbøkene eg har lese for eg hugsar ikkje titlane. Men eg begynner å bli lei av krim reint generelt. No skal det likevel seiast at gode krimbøker sjeldan er BERRE krim, og den eg las no Skogen var vel verd å lese!

arieldog sa...

Eg likte så godt Mankell heilt til eg las ei samling med 3(?) forteljingar om Wallander. Hugsar ikkje kva den boka heiter, men den var dårleg.

Besta sa...

Beste krimboka hans er etter mi meining Danselærerens tilbakekomst.Den er ikkje om Wallander. Italienske sko er ein bra roman, ikkje krim.Begynte så vidt på Den femte kvinnen i dag; trur ikkje eg har lese den før. Han skriv i alle fall godt.

Hildegard sa...

Det blir lite lesing på meg for tida, skal ta det igjen seinare! Dessutan har biblioteket delvis stengt på grunn av flytting til midlertidige lokale mens dei ventar på at lokala i vidareg.skule
og operabygget blir ferdig. Har vore litt avisskriving om dette i samband med at Lakken jr. ikkje ville forlenge noverande avtale i "Heimen-bygget" (utan dobbel husleige), slik at dei kunne flytte direkte til dei nye lokala. Ja pengemakta rår!
Eidabesta

Besta sa...

Biblioteket er ein fantastisk institusjon som i alle fall eg har mykje glede av. Kunne aldri ha kjøpt så mange bøker som eg les! Og så er det pratisk å få bøkene ut or huset igjen og sleppe å tørke støv av dei i årevis!
Somme folk er berre altfor glade i pengar!

arieldog sa...

Kom plutseleg på "Den femte kvinnen". Har altså lese den.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...