søndag, juni 15, 2008

Denne boka les eg no.

Ikkje alle bøker passar som LYDBOK, men det gjer denne.
Her er få personar å halde orden på, og ei enkel handling som er lett å følgje.
Dette kan høyrest kjedelig og banalt ut, men det er det ikkje!
No har eg lese 5 av dei 15 CD-ane og har vanskelig for å legge frå meg Walkman- en.
Ikkje somnar eg så lett heller.
Boka har nemleg det som eg vil kalle "nerve"
eller psykisk spenning. Eg kjem kanskje til å oppdatere dette innlegget, så følg med!
No har eg lese ut boka-og den innfridde til siste slutt. Den er enkel, men ikkje banal. Dersom ein kan bruke eit uttrykk som "poetisk krim", så ville eg bruke det her.Om det er opplesaren å takke for det, er ikkje godt å seie.Berre ein ting skuffa meg-vi får ikkje oppklart ALT til slutt! Eg vil anbefale å lese denne boka.

1 kommentar:

STRIKKEMOR(O) sa...

Takk for helsinga til bursdagen min i går! I ettermiddag/kveld har vi vore på sommaravslutning på barneskulen. 320 elevar med foreldre, søsken + lærarar. Det var meldt regn, men veret blei heldigvis heilt flott!! Det går slag i slag for tida. Herleg at det er siste veka.....

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...