torsdag, juni 26, 2008

Klippe, klippe, klippe....(Rappa overskrifta)


I dag skulle Nils klippe plenen, og brått stod klipparen i 7 steinar.

Vi tenkte på saka i ca 10 sek. før vi bestemte at det skulle kjøpast ny. Med drag, kravde eg, så kan eg også klippe. Dessutan vert vi ikkje yngre eller sprekare med åra - verken han eller eg.
Denne gongen ville han IKKJE ha elektrisk, sjølv om det er mest miljøvennlig. Trur han er lei av å dra rundt på ledningen.
Han kom altså heim med ein bensindriven Jonsered bioklippar.
Så får vi håpe at den fungerer som den skal, han surrar og går ute no i alle fall.Og han som køyrer har fått større fart enn på lenge.Dessutan slepp han å tømme gras i komposten.
NB: Kan også brukast med oppsamlar. Det er valfritt.

10 kommentarer:

arieldog sa...

Farfar og eg har lite tru på bioklipp, så no har vi tema for neste familietreff! Her vurderer vi traktorklippar, men med litt hjelp frå borna kan vi klippe for hand ei stund til.

Besta sa...

Viss ein skal bruke bioklipp-funksjonen må ein sikkert klippe ofte.Her vurderer vi å bruke gamlemetoden opp mot vegen og bioklipp i bakken. Vi har no ikkje så stort areal at vi treng traktorklipp. Der inne derimot........

solveig sa...

For ei som ikkje har klipt plen sidan handklipparen si tid, må de forklare kva "Bioklipp" er!

arieldog sa...

Forstår at nokon har vore heldigare med barneoppdragelsen enn eg... Bioklipp er oppkutting av gras i bittesmå bitar som skal bli liggande og gjødsle plenen. Farfar er skeptisk pga at klipparen ikkje tek unna langt gras- eg er skeptisk fordi eg trur ein dreg inn i huset mykje gras. Ei kombiløysing høyrest fornuftig ut.

solveig sa...

Vi er mest plaga med kunstgras i hus! Ingen ting er verre enn kunstgrasgranulat!
Det vert no køyrt mykje plengras til hageavfallsplassar rundt om kring. Då skulle ein tru denne plenklipparen gir stor miljøgevinst!
Ver det to leirar her på neste treff?

arieldog sa...

Her har vi to levande kompostkverner og store vidder å dumpe plengras på. Eg veit at mange har dårlege komposteringsforhold, og då bør dei satse på bioklipp, sjølvsagt. Ei kombiløysing er no mitt forslag, med bioklipp der ein ikkje trakkar så mykje. Minst to leirar, vil eg tru. Vi får håpe på utever på neste treff.

Besta sa...

Eg har no vore veldig fornøgd med oppsamlingsmetoden, men det blir meir arbeid for den som slår.Til denne tid har det ikkje vore eg.God plass til å kompostere graset har vi også. Dessutan brukar vi graset som ugrasdrepar rundt bærtre etc. Bioklipp er sikkert ikkje å anbefale der dyr og ungar går ut og inn.Vi kan no veksle erfaringar ved neste treff.

Hildegard sa...

Eg har vore skeptisk til hage-kompostering etter at brunsneglen kom til oss, så vi køyrer graset til mottaket i Leivdalsmona.
Trur nok at ein bør slå oftare når ein har bioklyppar - sjølvsagt eit irritasjonsmoment for den som ikkje slår! Eidabesta

solveig sa...

I vår såg eg Iberiasniglar nede på gangvegen. I går såg eg at dei har krope seg heilt opp hit. Eg kverka vel ein 6-8 stk. Her blir det klipping kvar kveld. Dei var ikkje fullvaksne, så ein kan no håpe at dei ikkje var kjønnsmodne....
Skal tru om måsen tek dei?

Besta sa...

Ikkje sikkertat alle veit at S. klipper sniglane i to med ei saks. Eg har prøvd samme metoden, som faktisk er anbefalt av "ekspertane".Men når eg ikkje er ute i hagen om kvelden, ser eg ikkje sniglar heller.