fredag, juni 27, 2008

Besøk frå Kongsberg.


I dag har vi hatt hyggelig besøk av sviger-foreldra til Rasmus, som er på biltur langs kysten.No skulle dei vidare til Atlanterhavs-vegen, etter å ha køyrt langs Sørlands-og Vestland-skysten. Vi fekk ein fin orkidé i presang.
Der er første gongen dei har vore her hos oss, mens vi har vore på besøk hos dei nesten kvar gong vi har vore austover.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Det såg koseleg ut. Dei har sikkert hatt ein flott tur langs kyst-Norge. Vi har tenkt på dette lenge, hadde vore kjekt med ein tur nordover igjen også, 14 år sidan vi feira bryllupsdag i Bodø på veg til Nordkapp - får sjå når ting "roar" seg. Eidabesta

Besta sa...

Eg skjemmest over bilda mine, men skulder på fotoapparatet. Har to digitale, på det eine virkar ikkje blitzen, og det eg brukar, får eg dårlige bilde på.Det kan umulig vere noko gale med fotografen? Vi var i Bodø for snart to år sidan,kanskje ti år sidan vi var på Nordkapp?

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...