onsdag, juni 25, 2008

Audun har tatt sertifikat i dag!!!

I dag har vi hatt besøk av begge døtrene+ seks av barnebarna. Det vart ein lite strukturert dag, for alle hadde jern i elden. Margrete skulle på kontroll med Erlend, Øystein skulle på verkstad med bilen, Audun skulle køyre opp til sertifikat osb.
Middagen blei fortært etter som folk hadde tid. Margrete hadde med seg marsipan-kake-rest frå konfirmasjonen som vi hadde til kaffien. Det vi løyvde gikk til han som ikkje var med, men som skal ete seg opp til Majonaden.
Til helga reiser dei alle til Ørebro, der også Rasmus kjem til å dukke opp. Akkurat no er han i Legoland med heile familien og campingvogn. Vi ventar halvvegs på at foreldra til Wenche kjem innom ein av dagane; dei er på biltur langs Vestlandskysten.
Kva tid vi gamle skal ta "ferie" er enno i det uvisse.

1 kommentar:

solveig sa...

Einar har fått strekk, så no har han vore på Aktivsenteret og trena. Majonaden har han slått frå seg - heldigvis!

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.  Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjem...