tirsdag, mai 06, 2008

Vi gratulerer og gratulerer.......

Sidan det ikkje vart teke så mange bilde inne i kyrkja sist sundag,kan det vere kjekt å sjå alle konfirmant-ane samla, i lag med kateketen og prosten.Kvinnedominansen er stor som de ser. Bildet er scanna frå Møre Nytt i dag.
Sidan det er 6. mai , nyttar eg høvet til å gratulere Stein med 39-årsdagen dagen! I dag er det nesten like fint ver som det var då han kom til verda.
Vi gratulerer også Lise som fyller år denne dagen.

6 kommentarer:

arieldog sa...

Einar har teke bilete av sjølve velsigninga av Ingeborg - han stod i døropninga og hadde fri sikt. Såg det på facebook...

Besta sa...

Ja, slik er det å ha ein papparazzi i familien!
Det er no eit slikt bilde som er kjekt å ha, men ein kan ikkje drive å knipse inne i kyrkja under handlinga. Det passar seg ikkje etter mi meining.
Eg kan ikkje noko med facebook.

solveig sa...

Eg har ho bestemora i Ulsteinvik friskt i minne. Vi hadde dessutan dårleg sikt, så det vart ikkje tatt bilde i kyrkja av oss. Men det er no kjekt at nokon har gjort det. Einar vil sende dei til meg frå Bodø.

arieldog sa...

Vi leigde Annita Søvik til å fotografere gjengen i kyrkja. Det er ubehageleg for ei mor å dirigere rundt på andre sine ungar, så då er det greitt å ha innleigd fotograf.

Besta sa...

Ja, eg lurte på om Annita var blitt proff. Det er no oftast dei profesjonelle fotografane som stiller opp i slike høve.Men det var var ikkje noko business å gjere på så få.Det var eit fint bilde ho hadde teke.Når eg skreiv at eg ikkje kan noko med facebook, så meinte at eg ikkje KAN noko.....

solveig sa...

Det var slik eg oppfatta det. Og eg stiller i same kategori. Då eg fekk blogg, fekk eg høyre at det var facebook som talde.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...