mandag, mai 12, 2008

Ørsta stadion i dag.

I dag skulle Olaug springe stafett i Ørsta, og Solveig kom innover med bilen full av aktive idrettsutøverar.Derfor kunne dei ikkje komme hit opp, så vi for ned på stadion. Laget til Olaug vart nummer to i sin klasse, og namnet mitt vart ropt opp i lag med sølvmedaljørane. Det var folk på tribunen som kasta vantru blikk på meg.Eg er ikkje kjendis i idrettsmiljøet i bygda for å seie det slik.
Då vi vel var heime ringde det på døra. Der stod det ein mann med ei lita raud jakke. "Eg ser at det ikkje er di jakke, men det står ditt namn i den", sa han.

På det øvste bildet står Olaug heilt til venstre, på bildet under er ho nr.3 frå venstre.Dei som har ørneblikk ser kanskje ein morfar med kvitt hår og ei mormor med raud genser høgt oppe på tribunen.



3 kommentarer:

arieldog sa...

Ikkje verst å bli idrettskjendis i din alder!

solveig sa...

Det kan ha sine fordelar å vere oppattkalla. Mora sanka saman dei dyre piggskorne og buksa....
Elles var det ei artig forsamling i bilen. Dei telefonerte og sende sms-ar. Det enda med at eg sette to av på Høddvoll, og ei svinga eg nedom ferjekaia då dei 7 siste bilane køyrde ombord. Det sa ho først då ho såg ferja "Forresten....".

Anonym sa...

Artig at du er blitt kjendis, men eg trur vesle-Olaug er ei anna "type" enn deg!? Kjekt at ho gjer det bra i sport, de er nok bra stolte av henne!
Eidabesta

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...