onsdag, mai 28, 2008

Hip-hop !!!


Når vi ikkje har lagt ut bilde frå ballettframsyninga sist helg, kjem det av at det ikkje er lov å ta bilde med blitz under programmet.
På bilda i Møre-Nytt var ingen av våre med.
I Volda-avisa MØRE derimot var der bilde av Eirik. Så då måtte eg berre scanne det og offentleggjere det på bloggen min.På eit anna bilde kunne ein så vidt skimte Lars og Amanda. Når det er så mange med, skal det noko til at alle finn "sine" igjen

5 kommentarer:

arieldog sa...

Men dette biletet var berre stilig, då! Mange flinke og flotte utøvarar, så der var mange fine fotomotiv. Gubben frykta at fedrane skulle stele merksemd frå mange andre, og det vart delvis tilfelle. Men det var no eit morosamt og nyskapande innslag.

Besta sa...

Både innslaget med fedrane og det innslaget der Synnøve Rekkedal Hill dansa med mannen sin var på ein måte med på å inkludere publikum! Eg tykte det var fine nummer, sjølv om danserane sjølvsagt skal ha hovudmerksemda!

solveig sa...

Dei skulle vore filma! Det hadde vore minne for livet!

arieldog sa...

Dei vart filma, og vi har bestilt eit eksemplar!

solveig sa...

Flott! Då kan ein slappe av og nyte i staden for å ta avstandsbilde!
Vi får kike på filmen når han kjem.
Elles er det vel dårleg med nettaviser ein kan knabbe bilde frå?

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...