Denne fine duftranken fekk eg med Solveig til fødsels-dagen min. No har han begynt å sprette ut og er berre heilt nydelig. Viss nokon av dykk har gode råd om stell av denne planten, tek eg gjerne imot. Vil at den skal vare så lenge som mulig og ev komme att med nye blomster seinare.
Sidan Mimi fyller år i dag, kan blomsten vere ei helsing til henne også.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 4.mai
Dette bildet er tatt i dag. Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjem...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
3 kommentarer:
Vi får føye oss til gratulantane! Det hadde vore kjekt om nokon i Sula også hadde begynt å blogge!
Eg veit ikkje om duftranken hadde hatt godt av eit opphald ute. Men uansett så står den no lenge. Eg hadde ein som vart kjempelang i vindauget i "nyestova".
Tone les bloggen min, så der no kontakt med Sula ein veg i alle fall.
Nyestova di fungerer slik som dei gamle"bestestovene"-det er mange blomstrar som ikkje vil ha det så veldig varmt heile tida.No om våren(og om hausten) når sola står lågt på himmelen, likar ikkje blomstrane seg så godt i vindua her.
No framover våren, trappar eg ned plantar inne, og tenkjer meir på kva eg vil ha ute. I dag bar vi ut hagemøblane på den største altanen. No skal middagsetinga ut så sant det er ver til det! Lydbok er også fin altanaktivitet!
Skikkeleg vårstemning her!
Legg inn en kommentar