lørdag, mars 08, 2008

Hyggelig besøk på kvinnedagen!


I dag venta vi ein snarvisitt av Einar; han skulle hente bilen sin i Ørsta. Så fekk vi melding frå Bodil at ho og Svein var i Volda. Dermed fekk vi besøk frå to kantar samtidig. Det vart ikkje til at Bodil og Svein tok turen gjennom tunnelen i dag, så det blir vel ikkje så altfor lenge før dei tek ein tur igjen. Tunnelen slår dobbelt positivt ut for dei som elles har måtta ta to ferjer. Når det vårast vert det vel ein del turar ut i øyane, det er så fint på kysten om våren. Har aldri forstått dei som reiser til fjells i påska når dei kunne reise ut til havet!
Vil også ønske dei kvinnelige lesarane til lykke med dagen!
Vi har det bra samanlikna med kvinner i andre delar av verda!

1 kommentar:

solveig sa...

Eg har ikkje høyrt kva bileksperten, Svein, sa om bilen...

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...