mandag, februar 11, 2008

Strikkesykja?

Det har blitt lite blogging i det siste.Det kjem av at eg helst bør halde meg langt borte frå PC- en.
Vart så ivrig med strikketøyet ei tid at skuldra/ armen/ nakken melde pass, så no skriv eg med ei hand, for ikkje å seie ein finger. Heldigvis er høgre handa intakt. Fredag skal eg til akupunktur med den venstre og håper å bli bra denne gongen også- har behandla den fleire gonger før.
I kveld/ natt kjem Margrete, Øystein og Håkon heim. Dei har alle vore i London i helga og fekk såleis med seg den dramatiske brannen. Kva dei elles har vore med på,kjem vel fram på andre bloggar.
Laurdag var Ingeborg og ei veninne med på Ungdommens kulturmønstring i Volda; veninna song og Ingeborg dansa ein sjølvkoreografert dans til.Eg var dessverre ikkje i form til å vere der og sjå, men i Sunnmørsposten i dag fekk dei heiderleg omtale, og det var ikkje Einar som skreiv om dei. Han har, som dei fleste veit, praksis i den avisa for tida.
Elles så har vi veldig fint ver no for tida og i dag såg vi mange som var på veg oppetter fjellsidene på ski.Vi var berre ein tur nedover og handla.
Dagen for opninga av Eiksundsambandet nærmar seg, og då reknar eg med at mange tek turen hit for å køyre gjennom verdas djupaste undersjøiske tunnel. Eg fortalde Erlend om den i går, han lurte på om ikkje bilane vert våte. Det same grundar eg på, men Solveig forsikrar meg om at der er laga til så tunnelen kan lekke i to døgn før det blir krise.Eg trur no det eg vil tru. Men vegen frå Furene (ved flyplassen) og utover er i alle fall veldig fin.Viss de er interesserte, er det berre å søke på "Eiksundsambandet", så får de vite meir.Og så tek de vel turen opp til oss også om de kjem på desse kantar??

3 kommentarer:

solveig sa...

Det var flott omtale Ingeborg og venninna fekk i Sunnmørsposten. Einar var på Stadtlandet på UKM utan fotograf.

arieldog sa...

Eg veit ikkje om det hjalp på å ha eit etternamn som var kjent i Sumpen for å få omtale?! Dessverre var ingen i slekta og såg på... Elles så fekk ikkje vi vite om brannen i Camden før nokon sende ei melding ut på søndag ein gong. London er ein diger by...

Besta sa...

Vi sat no her og såg på kartet over London og fann ut at du sikkert såg brannen frå der du budde. Trur Erlend tenkte på Bjørneset.......Synd at vi ikkje fekk sjå Ingeborg, men eg var liksom heilt "uttafør" på laurdag.Og så trudde eg ho skulle spele piano.
No er eg mykje betre i skuldre, men så er det foten!!!Skal til akup fredag.