mandag, februar 04, 2008

Pannekaker

Far i huset er veldig glad i pannekaker- med steikt flesk og blåbærsylte! Det er for så vidt eg også, men det inngår ikkje som hovudingrediens i dietten min akkurat.
I dag var det tilbod på elektriske pannekakejern på COOP -og far stilte opp med det same butikken opna for å sikre seg eit.Det er no kome i hus!Kva tid det blir brukt, veit eg ikkje, men det må no prøvast! Viss nokon vil ha pannekaker når dei kjem på besøk, må de berre varskue litt på førehand.
Eg brukar å lure litt finmelen grovkveite ned i røra for at det skal bli litt sunnare og meir mettande mat.
De skal få rapport om resukltatet seinare, men viss nokon har ei god oppskrift er det sjølvsagt interessant.
I boka mi om FJORDAMAT er der oppskrift på tynne sveler frå Eid-dei kunne sikkert passe å steike på denne panna, sidan ein kan steike utan feitt også.



4 kommentarer:

arieldog sa...

Takkar for invitasjon!!!! :)Hugsar at eg fekk servert pannekaker med skinke- og soppfyll hos S og Ø då dei budde i Bergen. Har laga det nokre få gonger sjølv, men no bruker eg 1 time og to steikepanner når vi har pannekaker, så "det er et strev å steke pannekaker nok", som det står i songen.

solveig sa...

Du kan snart gjere som meg, kalle retten "Steik di eiga pannekake".

Besta sa...

Eg steiker gjerne pannekaker i store mengder, men det tek si tid viss det er mange. Då blir det ventetid. Men eg kan no bruke eit par steikepanner i tillegg til nyanskaffelsen!

solveig sa...

Skulle tru det gjekk fortare når det steiker på begge sider. Kor store vert pannekakene?

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...