tirsdag, februar 19, 2008

Fleire jern i elden.







Eg har ikkje villa hatt dobbelt
vaffeljern. "Greier meg med det enkle,"
har eg sagt kvar gong Rasmus ville gi meg eit nytt. Men no hadde eg ei lita samtale med meg sjølv "Kva tid steikjer eg vaflar?" - "Det er når vi er mange!!!"- Og barnebarna likar nysteikte vaflar, som dei fleste andre.
No var det doble jern på tilbud på MEKK og vi slo til. 399 kr gav vi for dette. Vi trengde ny steikepanne også, og hadde fått vite at det denne veka skulle vere kampanje på Ørsta bruk. Der fekk vi denne til 299 kr, førprisen var 599.Som de ser greier vi å orientere oss utan reklame i postkassa!
Har enno ikkje greidd å ta livet av dei raude julestrenene, men i dag slo eg likevel til og kjøpte ein orkide til 99 kr. Passar på når dei har på tilbod.Dei hadde nydelige engelske pelargoniar, som eg veit Solveig likar. Her hos oss trivst dei ikkje så godt;vi har det for varmt.
Måtte nedover på biblioteket for å hente ny forsyning med lydbøker, så vi tok shoppe-runda med det same

5 kommentarer:

Anonym sa...

Dobbelt vaffeljarn er berre supert! På Eid trur eg vi alle har "Åviken" sitt!?
Henning likte så godt tunellinnlegga dine! Vi måtte klikke på og forstørre alle bilda :) Hilde

Besta sa...

Ja no kan eg steike på både det nye og det gamle jernet om her skulle bli folksomt.
Du kan no ta ein tur i tunnelen med Henning, og så kan de få vafflar i Starevegen!
Grutulerer med 4-årsdagen hans!
Audun fyller 18 år den 22.februar, då blir det kanskje tur under havet eit par dagar etterpå. Eg prøver å venne meg til tanken.

solveig sa...

Eller sveler på Hareid!
Synest eg ser ei MP3 bok!!!! Håper det er slik at det er lettvint å legge inn på. Tek med meg PC og MP3. Meiner det er same vaffeljern som eg har. Eg betalte 100 kr meir i sommar, men så har eg no steikt ein del vaflar på det allereie.

Besta sa...

Ja, på Liza Marklund si bok var det eiMp3 plate i tillegg til dei 11 CD-platene-Men på Walkmanen min står det MP3 så eg forstår liksom ikkje heile systemet.Du ser vel at eg har fått med meg ei bok av yndlingsforfattaren til Theta Peta også, Haruki Murakami.
Vaffeljernet var det siste dei hadde på Mekk på tilbud, og det var den sorten eg hadde tenkt å kjøpe, 5 hjerter i kvar plate.

Elin sa...

Takk for morosam kommentar. No driv eg og skjerpar bikinifasongen, så då blir det no berre lækkert og kjekt med mange auge, hehe.
Neimen, er det ikkje Nils som står der nederst til høgre då?

Dagbok 2024: 15.april

Alt av bilde som eg hadde på PC en er borte vekk, men eg er ikkje heil hjelpelaus, for bildet av blomstane frå i fjor låg ein annan stad på ...