søndag, februar 17, 2008

Eiksundsambandet- igjen!
















Neste sundag er det opning av sambandet, men i dag var det stemnemøte mellom øyværingane og fastlandsfolket midt i den undersjøiske tunnelen. Då måtte ein gå -eller følgje oppsette bussar om ein var dårleg til beins. Margrete og fam. ville vere med på den historiske hendinga, så dei gjekk alle seks!


Nils var også med, men eg valde å vere heime og lage middag etc. Det vart nok for langt å gå for meg. Nils tok nokre bilde som eg legg ut på bloggen. Dessverre har eg ikkje fått fjerna raude auge fordi eg ikkje har fått inn den funksjonen på maskina enno. Ungane hadde fått raude hjelmar og andre relevante ting, og så var det gratis sveler og brus m.m.Svelene er eit ferjesymbol i Møre og Romsdal for dei som ikkje veit det. (Solveig kjem nok snart med oppskrifta på MRF-sveler).

På denne måten vart det sundagstur til tross for dårleg ver. Ny ekstemsport? Tunnelgang.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Artig med reportasjane dine om Eiksundsambandet. Blir vel snart tur på oss også. Eidabesta

solveig sa...

Eghar også fått nokre slike, etter Aston Villa innlegget. (mannfolkinteresser) Det verkar som dei lagar eit namn og sender ut linkar til lugubre sider. Eg slettar etter kvart.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...